Turar med panoramautsikt   

Sandsøya har mange flotte turar, både om du går til fots eller brukar sykkel.  Her er alt frå hav og fjøreturar til fjellturar, og det unike er at alle turane har panoramautsikt. For dei som berre vil rusle ein kort tur så er det flott å gå på den koselege vegen som snor seg rundt på idylliske Skare, eller så kan du gå ein tur ut på neset.

Skare ligg i enden av køyrevegen på sørsida av Sandsøya, og om du vil sykle er det fine vegar med flat, kronglete og koseleg veg. Ein tur rundt Vågen som nesten deler øya i to, kan tilrådast på det varmaste. Ved hyttene er det to syklar som står til disposisjon for gjestane.

I hyttene er  turboka "Frå tare til topp" lagt ut, og der kan du lese det meste om turane og opplevingane på øya og dei andre Sørøyane..


Vorakletten og Kulen.

Koseleg tursti ut mot Kleiveneset.

Fjøretur frå Skare til Dollsteinhola/Dollsteinen

På vestpynten av  Sandsøya reiser den karakteristiske Dollsteinen seg  227 meter opp over havflata.

Fjellet har bratte fjellsider mot havet. På sørsida, om lag 60 meter over havet, ligg opninga til Dollsteinhola,

som er greven ut av brenningar og som Sandesoga seier det: "... truleg den største og merklegaste fjellgrotta i Noreg".

I høgdemeter går hola 30 meter ned og strekkjer seg 180 meter innover.


Vil du utforske hola er det lurt å ha med seg guid, turen tek omlag 1,5 time.

Kontakt Atle Petter Beitveit på tlf. 915 11 134

eller Annbjørg Flatøy 70 02 90 66


LUFTIG: Det er både luftig og flott å stå på toppen av Dollsteinen (227 m).  Her har du god utsikt mot øyane i Herøy.

Midt på fotoet og bakover mot høgre ser du Skorpa, Nerlandsøya, Remøya, Vaulen og Bergsøya. Havstykket mellom Dollsteinen og Skorpa er Flåværsleia.

På fjøreturen frå Skare

finn du mange jøttar.

I Storjøtten er det spanande å prøve

balansekunstane

og ta foto.

Sandjøtten.

Siste del av turen til Dollsteinhola går langs høgresida av denne ura. Der er sti, men pass på for lause steinar.

Dollsteinhola er ei merkeleg grotte. Inngangspartiet har ganske bra takhøgde...

... men berre nokre få meter lenger inne vert grotta trangare og stien bratt.

Heldigvis har det vore få som har skada seg under besøk i Dollsteinholda. Laurdag 11. januar i 2014 var det ei kvinne som fall og skadde seg i hola.

Det vart sett i gong ein komplisert redningsaksjon for å få kvinna ut, der redningsmannskap og Søre Sunnmøre Redningsgruppe vart flogne inn

med helikopter. Ambulansebåten Ambu kom sjøvegen med kjentfolk frå Larsnes.

Skal du på Dollseinen eller gå tilbake via Signalen og Rinden, må du gå opp Steinskaret.

Fotoet er teke frå Steinskaret og viser utsikt mot Riste og Stadlandet (bak)

Turen til toppen av Dollsteinen

passar ikkje for turgåarar med høgdeskrekk,

for toppen på 227 moh har loddrette

fjellsider som stuper

ned mot havet

Dollsteinen sett  på veg opp mot Signalen.

Rinden

På toppen av Rinden.

Utsikt frå Rinden og austover.

Det gode liv: Spabad etter flott tur.