Sjutoppsløpet - langfredag på Sandsøya (Påskeøya):

I påska er det sjutoppsløp på Påskeøya (Sandsøya). Sjølv om det er knallhard konkurranse i nokre klasser, er likevel det viktigaste å delta.

Arrangørane har lagt til rette for kortare løyper som for dei som vil ta det litt roligare, og alle som er med får medalje. Det er også god stemning rundt borda på Rosenlund, der det både er start og mål.

Her jublar vinnaren i kvinneklassa i 2013, Anita Andersen, over siger og premien som ho fekk overrekt frå Svein Helge Bringsvor (tv)  frå Sandsøy IL. For som alle store løp har også Sjutoppsløpet innført pengepremiar.

I herreklassen er det knallhard konkurranse og i 2013 tok Arve Rindal (th) ny rekord med tida 1.40.25.

Feltet i herreklassen. Som ein ser av fotoet går eit stykke av løypa gjennom eit maritimt miljø før løypa går til fjells.

Det er god påskestemning på småbåtbryggene ved Rosenlund under Sjutoppsløpet og i påska.