Nord West Hytter

Skare på Sandsøya - Sørøyane - Møre og Romsdal                         Tlf: 995 22 999

Kvifor reise til Syden

når du kan reise til  Sandsøya?

Masse frisk luft,

fine turar med panoramautsikt,

fiske og norsk natur på sitt beste.

Med andre ord: Kortreist luksus!

Urgeiter og utegangarar på Sandsøya


Fjellturen på Sandsøya kan bli krydra av eit møte med staselege villgeiter frå den sjeldne norske rasen av kystgeit.

Ho har nesten forsvunne frå Norskekysten, men nokre stadar har bestanden helde seg.

Villgeita er sky og den spring avgarde,

og ofte oppdagar ho deg lenge før du

oppdagar henne. Dermed er ho vekk

før du ser henne, eller du ser berre

bakenden av henne forsvinne bak

ein knaus eller høgdedrag.


Alle foto og film: Tore Aarflot


Utegangarar

På Sandsøya er det  mange utegangarar, som er ei sauerase frå gamal norsk sau. Desse er hardføre dyr som gjeng ute heile året.

Dei er lettare å kome inn på enn villgeitene. Bukkane har flotte krumma horn.

Tek du det roleg og har god tid, kan du kome heilt inn på dei.

Dei to dyra på fotoet er fotografert i Hellandsvågane.